10 Gbit levert av Tussa!

Tussa har slått til og leverar heile 10 Gbit eller 10 000 Mbit med internett kapasitet til deltakarane våre.

Det er dobblet så raskt som vi hadde på vinterlanet vårt i februar.

Om du ikkje har fått det med deg, så arrangerer også Tussa, sin eigen liga innen E-sport, Tussaligaen.

Med seg på laget i satsinga har Tussa fått Ole-Andreas Skår frå Herøy, som har gjort karriere av e-sport. Han er i dag manager for Nordavind, eit av Noreg sine beste e-sportlag. Andre viktige samarbeidspartnarar er Herøy LAN og Burnout Dataparty/UlsteinLAN.

Tussa har i fleire år støtta dei mange datatreffa som vert arrangerte på søre Sunnmøre, og ser det som viktig å halde fram samarbeidet med dei lokale eldsjelene. Deira kompetanse på esport har hatt mykje å seie for utviklinga av ligaen.

E-sport, eller elektronisk sport, er konkurransespeling der utøvarane konkurrerer mot kvarandre i ulike spel på datamaskin eller spelkonsollar. E-sport er i sterk vekst og engasjerer millionar over heile verda. Det har blitt populært å følgje turneringar gjennom kanalar som Twitch og YouTube.

I Noreg er e-sport i ferd med å bli profesjonalisert, både gjennom stadig fleire utdanningstilbod på vidaregåande- og høgskular, og ved at store aktørar som til dømes Norsk Tipping og Norsk Fotballforbund engasjerer seg i e-sport.

Vi har fått låne PCane Tussaligaen brukar i finalespela sine, og skal bruke desse i konkurransane våre her på UlsteinLAN i haustferien.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *